Høgde og alder på barn (skulebarn) - fleire med små barn?
Eg registrerer i denne tråden at mange har problem med å finne fint tøy til jentene sine når dei kjem i alder 7+ eller deromkring (tøyet blir for tenåringsaktig). Eg har jo gått heilt glipp av denne problematikken tydeligvis, for eg har ei jente på 7 år som brukar str. 110 og 116. Ho veg ca. 20 kilo, og høgden er 112. Minst i klassen .
Minsten som blir 6 år til sommaren brukar 110 stort sett, men har ein del i 104 også. Han veg 19 kilo og er 109 cm. høg. Eg ser han er liten samanlikna med ein del andre gutar. Han er fint bygd, storesøster er litt grovare.
Fleire som har små barn? Eg får inntrykk av at dei er heller sjeldne... Eldste syns det er litt dumt å vere så lita - ho er jo framleis minst på heile skulen, sjølv om ho går i 2. klasse. Syns litt synd på poden som sikkert også blir ein putt heile skuletida si. Kanskje litt mindre kjekt for gutar?
Sist redigert av Syrin : 14-01-11 kl 17:52.
|