Barnebunad look-alike i siste liten - tips for Bergen
Eit lite dypdykk i skapet i dag avslørte det eg frykta: ungane har ingenting å gå i til 17.mai. Og når det gjeld sko har dei tre par kvar: støvlar, joggesko og eit par sandaler av crocs-type. Ikkje heilt klare for 17. mai nei.
Eg hadde ikkje særlig håp, men ilte avgårde til Barnas Hus i Åsane i dag. Der har dei kjempefine "bunader" til halv pris nå; før nesten 1000 kr! Merket er Vetlevesla. Der var ein god del igjen enda. Stakken er i ull, med god vidde og heile drakten sit kjempefint! Likte skjorta også.
Så eg kjøpte til jenta, men poden fekk heilt makk av bunadsskjorte mot halsen, så eg fann ting hos Polarn og Pyret i staden. Og sidan dei hadde gløymt å ta bort 20%-skiltet etter nattåpent i går, så fekk eg litt reduksjon der også. Men det skiltet blei plukka bort ganske raskt
Nuvel. Kun eit tips til andre uførebudde mødre 
|