Kvar finne kjempestor Jellycat apekatt
Dette forumet er jo kjent for å kunne løyse alle slags problem, så kanskje også dette?
Dette:

er ein Jellycat bashful monkey, her i huset heiter han Adrian, og han er Elias minstemann sin beste venn. Vi har sjølvsagt skaffa oss ein ekstra, så det er ikkje problemet. Men, eg har funne ut at det finnast ein stor Adrian der ute i verda, og den hadde det jo vore stor stas å ha. Dei vi har er ca 31 cm, og str. medium, den eg er på utkikk etter er 51 cm, og st. huge.
Har søkt litt på nettet og funne nokre nettbutikkar som har, men mange av dei sender ikkje til utland, andre har veldig dyr frakt, og så er det jo den tollen da... Eldstejenta seier at ho såg denne ein gong i ein leikebutikk på tur med tante (truleg på Grünerløkka?), så da tenker eg, kanskje sit "storeAdrian" der ute i ein butikk her i Norge og venter? Spørsmålet er: Har nokon sett han? Evt. er det nokon som finn ein lur nettbutikk for meg?
__________________
03, 06, 09
|