Tidlaus eller håplaus
Da eg flytta saman med mannen hadde han ein grøn Ekornes Stockholm sofa. Den var berre fem år gamal, så å byte den ut umiddelbart var uaktuelt. Etterkvart vart eg vand med fargen. Eg kjøpte fargesterke gardiner, golvteppe og lampe. Noko Bonytt-materiale vil me uansett ikkje bli, og eg er glad i fargar. Derfor har me beholdt sofaen ti år til. No er den slitt. Og eg (me?) er moden for ei endring.
Problemet er at sofaen er ufatteleg god å både sitte og ligge i. Eg har enda til gode å sitte i ein sofa som er på høgden med denne.
Fargen er problem nummer eitt. Fasongen er problem nummer to. At den er slitt seier seg sjølv etter femten års hard bruk.
Eg lurer no på om Ekornes Oslo kan vere eit alternativ.
Så fp-folk: tidlaus eller håplaus?


__________________
Bergensis
|