Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Hjem og utstyr > Stikkas barneutstyrshjørne

Bakovervendt barnesete (9-18 kg) som tek lite plass mot forsetet?

Stikkas barneutstyrshjørne Diskusjonsforum for utstyr til barn.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 25-03-12, 22:42   #1
naima
nerdedame
 
Medlem siden: Feb 2010
Hvor: Trondheim
Innlegg: 545
naima er litt kulnaima er litt kulnaima er litt kul
Standard

Bakovervendt barnesete (9-18 kg) som tek lite plass mot forsetet?

Mannen skal ha med Ungen aleine på flytur til farmor på Sørlandet litt etter påske, og skal køyre rundt med henne i farmors bil der. Dermed må vi skaffe eit bilsete til henne der. Det er dessverre ikkje mogleg å prøve det i bilen hennar på førehand, men sidan det maks skal vere 3 personar inkludert far og barn i bilen trur eg det meste av seter går bra, og dei skal køyre såpass korte og sakte turar at eg *nesten* hadde akseptert forovervendt. Det er ein liten Toyota, så vidt eg hugser (4 dører og airbagen foran kan koblast ut - dét sjekka Mannen sist han var der), den er sikkert 6-7 år gamal.

Planen så langt er å kjøpe eit nytt sete og ha dette i farmorbilen inntil vidare, og så ta det i bruk i vår eigen bil når toern skal over i sånn sete frå ca sumaren 2013.

Heime har vi ein Ford Mondeo stasjonsvogn, 2006-modell, utan isofix.

Unge nr 2 kjem altså i juni, så frå ca neste sumar (2013) kjem vi til å ha ein 1-åring og ein 3-åring (som hittil har vore veldig gjenomsnittleg i høgde og vekt) bakovervendt der. Vi har eit Britax Multitech i dag, men det tek så stor plass at det er utelukka for Mannen å sitte i passasjersetet foran Ungens sete, og han må ha førarsetet minst 10 cm lenger bak enn det som er mogleg med Multitechen plassert bak førarsetet - så vi må ha eit anna sete til Toern. (Det går altså fint å ha babysetet bak førarsetet.)

Er det nokre bakovervendte seter som tek betrakteleg mindre plass enn Multitechen? Det gjer ingenting om det er litt lite og kanskje ikke kan brukast så lenge. Toern kan overta Ungens sete når han veks ut av sitt - dvs vi vil ha Ungen bakovervendt så lenge som mogleg, men når ho er rundt 4 kan vi snu henne viss det er det som må til for å få plass til begge.

(Eventuelt om nokon her bur rundt Arendal og kan låne oss eit sete for ein 2-åring 20.-22. april, slik at vi kan utsette innkjøpsproblematikken til Seinare(tm)? Vi kan dessverre overhode ikkje bidra med henting/bringing av setet...)

naima er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 03:32.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no