Doffen har daua
Om ikkje Doffen, så har eit eller anna funne det for godt å krepere inni veggen. I stua. Lukta er intens og kvalmande. Eg brekker meg når eg kjem inn i huset og tidvis inne i stua. Og sidan huset er slik som det er, så er stua det rommet som det er plass til heile familien. Det er her me eter, sosialiserer og i det heile tatt. Men no tar denne lukta litt overhand.
Er det noko som helst me kan gjere for å få lukta vekk ? Me får ikkje tatt ned vegg og/eller tatt golvet opp. Så krapylet blir nok verande.
Er ikkje så lenge til me har bursdagsbesøkshelg, men med denne lukta så spøkar det litt for det.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|