Lavvo
Me vurderer å kjøpe lavvo før ferien, men har litt me lurar på før me går inn i butikk. Eg blir veldig fort overtalt av butikkansatte som høyrest ut som dei veit kva dei snakkar om, noko som i ettertid ofte har vist seg å ikkje stemme/vere passande for vårt behov.
Den treng ikkje vere heilårs, eller enormt stort. Me er til vanleg tre personar og (minst) ei bikkje av halvstor størrelse. Eg går ut i frå at dei minste eg har sett (4-6 pers) er store nok.
Vil stort sett bli brukt til fjellturar (ein til to timars gange), og til camping på campingtur. Trenger derfor ikkje vere den aller lettaste typen, men er det mindre praktisk med lavvo på bilferie(camping) enn eit større telt? I første omgang er det til campingferie me treng nytt telt, då me allereie har eit bittelite telt som fungerer på fjellet. Eg hadde håpa me kunne kombinere dei to.
Er forresten den stanga i midten vanligvis av teleskoptype? Og om det går an å ha med seg lavvo på fjelltur, er den vel mulig å ha med på sykkelferie?
Treng ein innertelt og botnduk?
__________________
Det är ni som är dom konstiga, det är jag som är normal.
|