[Hage] Tistler
Eg er møkklei tistler. Nå har vi luka på dei :banner: i fire år, og vi blir ikkje kvitt driten. Så nå har eg (som normalt er skeptisk til bruk av giftstoffer og for økologisk hagebruk og denslags) vore og kjøpt gift, som er spraya på grusen rundt huset og tistelkoloniane i plenen. Men det største problemet er blomsterbedet. På den flaska eg har kjøpt nå (Plenrens), står det at gifta tek livet av andre planter også, som for eksempel stemorsblomster og kløver (eg har prøvd å plante ein kløversort som botndekkar i bedet). Og det vil eg jo ikkje. Er det nokon som kjenner til eit godt produkt for å ta kverken på tistler, men som lar peonene og dvergrododendronen min leve?*
-Drømmer om fint og blomstrende bed.
|