Kva kompaktkamera velger me?
Me har jo digitalt speilrefleks frå før, men det er såpass stort at det oftast ikkje får lov å bli med på turar. Me har enda opp med å låne storesøster sitt Casio Exilim. Det tar heilt greie bilder. Og tar liten plass i sekken. Men det er hennar kamera! Og det har dessutan byrja å jukse med zoomen, men det veit ikkje storesøster...
Me vurderer altså å kjøpe nytt kompaktkamera i prisklassen +/- 2000 kroner. Det bør vere brukarvenleg, ta gode bilder (helst gjere oss til betre fotografar, faktisk!) og ikkje ta så stor plass. Det er ikkje behov for fancy greier som GPS.
Det er ein jungel av kompaktkamera. Eg har forsøkt å leite meg fram til eit som passar oss, men gjekk meg vill.
__________________
Bergensis
|