AdBlock, facebook og safari
Eg forsøkte å få bort reklamen frå facebooksida mi, ved hjelp av adblock (eit program som fjerner reklame og dermed gjer at sider med mykje spam blir ryddigare og aviser laster fortare. Eg er eigentleg fornøgd med den automatiske reklamefjerninga). Eg høgreklikka og valde "blokk this ad" på ei annonse inne på facebook-newsfeedsida, og *poff* der blei heile sida heilt kvit... (Konklusjonen om at facebooknewsfeeden er full av spam, er vel for så vidt noko eg kan seie meg einig i). Nå må eg skru av adblock kvar gong er er inne på facebook i safari, for å i det heile tatt sjå newsfeeden min. Det er ikkje eit stort problem, men det irriterer meg. Er det nokon som veit korleis ein kan fikse dette?
|