Matallergi - klapp på skuldra
Reint sjølvskryt: vi har besøk for tida av familie som har allergi mot melk og egg (protein). Sjølv har vi ei jente med glutenallergi. Det har ført til mykje lesing på ingredienser Men det har vore veldig kjekt også! I går lagde eg seibiff til heile hurven, og måtte rett og slett konsentrere meg og kva sleiv eg putta i kva gryte. Det blei tre steikepanner; ein sei panert i glutenfritt mjøl steikt i smør, ein "vanlig" til oss utan spesielle utfordringar matmessig, og ei steikepanne med sei panert i vanleg mjøl, men steikt i olje (kunne jo ha steikt min eigen i olje da, men meierismør er jo så godt....).
Ut frå dette vil eg syns at det er litt meir komplisert med melkeallergi enn gluten/egg. Det er jo melk i fryktelig mykje... Men så har eg nå fått erfare at havremelk er flott å lage potetstappe av! Det melkefrie smøret går også an, sjølv om det var litt "platt" kanskje. I alle fall blei det meir enn god nok potetstappe til alle (der laga eg den samme til alle). Pasta har eg også fått sjonglert med - og ikkje visse eg at det var melk i omtrent alt av barnegrautar på butikken. Og at det er melkepulver i mange brød??
Største utfordringa har vore dessertar egentlig - og vi prøver i tillegg å tilpasse litt til at vår glutenallergiker også er diabetiker Men summa summarum har vi dei to siste vekene hatt mange morsomme, kaotiske, klissete familiemiddagar med fire vaksne og fire små barn. Veldig lærerikt og gøy!
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|