Nokon planlegg hage
Eg planlegg hage og vil gjerne ha innspel frå andre hageinteresserte.
Dette er ei skisse over hagen min (bilane er feilproposjonerte, altså).
Oppover på biletet er mot vest.
Vi fekk veranda i bryllupsgave av svigerfar. Den skal (endeleg!) byggjast.
Verken sandkassane eller hagemøblene er på plass. Vi planlegg innkjøp av møbler på salget i haust. Så her er eg åpen for forslag. Dissestativet er arva og den plasseringa er med tanke på kjøkkeninngang og vindauge. Plattingen på baksida, ved kjøkkeninngangen er ikkje bygd ennå.
Det runde bedet midt på plenen er ikkje laga endå. Det firkanta bedet ved verandaen er ferdig. Kjøkkenhagen på baksida er drømmeprosjekt når eg klarer å stelle ein kjøkkenhage. Det som skal gjerast nå, må vere slikt som krev lite vedlikehald, fordi eg er ikkje i god nok fysisk form til å luke og eg er einaste hageinteresserte her i tomannsboligen. Dei andre klipp gress. Frukttrea nederst i hagen og hekkane på sørsida (til venstre) skal ikkje endrast. Elles er eg åpen for kommentarar til skissa.
Vi vil ikkje ha giftige planter i det heile tatt og vi bur i H4.
Langs verandaen ønsker eg meg store tre som blomstrer, for å stoppe innsyn til stova. Eg har allereie planta ei trollhassel her. Eg vurderer rhododendron. Trivst den saman med andre busker, eller har han det best aleine? Kva andre store, litt tette, blomstrane busker finst? (Syrin utgår dessverre på grunn av mannen sin allergi).
I bedet ved verandaen, ved kjellartrappa, har eg to peoner, ein dvergrhododendron og litt andre stauder (oppdaterer når eg har sjekka kva). Eg er den einaste som luker og eg får ikkje gjort det for tida, så eg treng botndekkarar. Dei kan gjerne blomstre. Eg vil ha noko som kan kjøpast og plantast ferdig (sjølv om eg liker å så sjølv), fordi det er må eg har tilgang på hjelp. Forslag?
Viss vi får tid til å lage det runde bedet midt på plenen (storleiken avheng av mengden stein vi har, til kanten), er det tanken at dette skal vere eit løkbed med påskeliljer og tulipanar. Er det andre plantast som blomstrer seinare på sommaren som er egna i slike bed?
Eg vil ha allium. Kor trivst den best? Med eller utan støtte?
Andre kommentarar og innspel, ting vi bør tenke på og så vidare tas imot med takk.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|