Jordskjelv og vulkan, Island - ei side å kikke på
Meint for dei vulkan-interesserte 
På denne sida er det ein fin graf der ein kan følge med på jordskjelva ved Bárðarbunga på Island. Nett no ligg skjelva ved Kistufelli, og om ein "tweakar" på kor langt tilbake ein vil sjå skjelva, så ser ein at dei har forflytta seg gradvis.
Skjelva under sjølve Bárðarbunga ligg meir til venstre i boksen. Det kom to store skjelv i natt. Dette er ein av dei største vulkanane på Island. Enn så lenge ser det ut til at dette skal bli ei mindre dramatisk greie - men vi får no sjå kva som skjer i i dagane som følgjer
http://baering.github.io/
Kjørte ringen rundt Island i sommar. Den vegen er no stengt (i nord), i tilfelle der vil komme flaum som følgje av issmelting. Er jo glad for at eg slapp vegstengning, men er skuffa over at det aldri er noko action når eg er på Island. Vore der mange gonger, men aldri kjent antydning til jordskjelv! Men eg håpar jo at ein slepp den store flaumen - mykje arbeid å bygge opp at vegar og bruer.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
Sist redigert av Syrin : 24-08-14 kl 16:18.
|