Spisested i krykke-gangavstand til Ringen kino
Det er veldig lenge sidan eg har vore ute, så eg er ikkje så godt kjend i Oslo som eg ein gong var. Men nå er eg på jakt etter ein plass der vi kan spise middag og drikke eit par øl, nær Ringen kino. Vulkan-området blir for langt unna. Olaf Ryes plass går kanskje. Men øvre Grunerløkka/nedre Torshov-området er optimalt. Og den einaste plassen eg kjem på i det området er Noahs Ark - kan hende det området har endra seg sidan 2012?
Prisnivå er ikkje så viktig, men det er typisk a la carte-middag etter kino og ikkje sjuretters smaksmeny vi er ute etter.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|