Åletrang Minnie-gensar frå Kappahl
Inspirert av klagetråden:
Bestemor har kjøpt ein Minnie-gensar frå Kappahl. Den er strl. 110-116 og min lille 5-åring får den ikkje på seg! Den er så åletrang og har null elastikk. Me har ikkje Kappahl her i nærleiken. Forsøkte å kikke på heimesidene deira, men fann ingen mail-adresse det vil vere naturleg å henvende seg til.
Eg tykjer det er naturleg at Kappahl får tilbakemelding om at gensaren er ubrukeleg. Den lar seg rett og slett ikkje utvide nok til å få over hovudet eingong. Det er for dårleg, og 5-åringen er lei seg for dette var ein gensar ho har bestemt heilt åleine!
__________________
Bergensis
Sist redigert av Bergensis : 31-08-07 kl 12:45.
|