Tollbehandling av vintersko frå USA?
Inspirert av andre trådar her inne bestilte eg, og fekk kjapt, Kamik vintersko frå Sierra Trading Post. Skoa kosta ca 20 dollar, det same kom til i frakt. Likevel eit godt kjøp i forhold til norske prisar.
Men i dag fekk eg ein faktura frå UPS of Norway, som skulle ha kr 178 for utleggsprovisjon og utlegg MVA. Kva i all verden er det eigentleg eg skal betale for? Fortolling? Eg trudde at når vara sin verdi var under kr 200 (frakt utanom), var det tollfritt/mvafritt? Frakt? (Dei ber meg bemerke at alle transportkostnadar er medrekna eit drivstofftillegg...) Eg har då vitterleg allereie betalt frakt til Sierra Trading Post? Det var forresten posten som kom og leverte det på døra her.
Er det andre som har bestilt frå same nettside som har fått det same? Kvar har eg event. kryssa feil i bestillinga, sidan skoa har blitt sendt til UPS? Eg bestilte eit par overgangssko frå rei.com veka før, same pris. Dei kom på døra utan noko meir ekstraavgifter. Eg hadde tenkt å bestille meir frå Sierra Trading Post, men dersom det skal kome til nesten 200 kr til kvar pakke igjen, då er vi nesten kome i norske prisar, så då kan eg like gjerne handle det her.
På fakturaen står det forresten; "Takk for at De benytter UPS." Jo takk, ikkje dersom eg kan unngå det!
|