Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Hjem og utstyr > Stikkas barneutstyrshjørne

Urgh - ikkje særleg viktig, men dog....

Stikkas barneutstyrshjørne Diskusjonsforum for utstyr til barn.

 
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 16-10-07, 13:28   #1
Bergensis
Ventar stadig på vår
 
Bergensis sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 9.785
Bergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt avBergensis har mye å være stolt av
Standard

Urgh - ikkje særleg viktig, men dog....

Etter at ei jente i me kjenner labba begge nevane i på vedovnsdøra og vart stygt forbrent i begge håndflater, bestemte me tidleg at me skulle ha peisgitter og/eller leikegrind. Valet falt dermed rimeleg enkelt på park-a-kid leikegrind som kan gjerast om til peisgitter.

Den er dyr. Nærmare 2000.- kostar den ny. Derfor har eg dei siste ni månadane vore på utkikk etter ei fint brukt. Det har vore fleire ute på finn.no, men ingen ville sende. Forståeleg nok, egentlig. Like før fødsel i april låg det ei ute i Oslo. Eg har familie der, og sende mail til selgar om den kunne leverast hjå mine slektningar. Joda, det kunne den. Så vart Lillebror fødd, og eg fekk ikkje ordna med verken betaling eller organisering av henting/levering pga. at me var innlagt på føde/barsel. Eg gav beskjed til selgar om omstendighetane rundt dette, men ho valgte til slutt å selge til nokon andre ettersom ting tok tid med oss. Greit nok.

Så gjekk månadane. Eg saumfarer heimesidene til babyshop, barnas hus, fru lyng, reflex mfl. jamnleg på leit etter tilbud som av og til er på desse leikegrindene. Ingenting.

I går dukka det opp ei leikegrind i Oslo på finn.no. Selgar skulle ha 1200 for den og eg kasta meg rundt og kjøpte den. Betalte per nettbank i går. Tre timar går det før eg blir obs på at Barnas Hus skal ha nyopning i Sandvika og skal ha tilbud på Park-a-kid leikegrinder til 1299.-

Så da har eg spart heile 99.- kroner på å kjøpe brukt.

Eg forsøker å trøste meg med at det er fint og miljøvenleg med gjenbruk og sånt. Men bittelitt irritert er eg over dårleg kjøpe-brukt-karma

__________________
Bergensis
Bergensis er ikke aktiv   Svar med sitat
 


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 07:28.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2026, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no