Spisestue
Me må snart krypa til korset og kjøpa ny spisestue. Me arva ei av bestefaren min, og planen var å ha den så lenge som mulig. Han er veldig stolt over at me har overtatt, og me har ikkje hatt hjerte til å bytte den ut til tross for at den bokstavelig talt detter frå kvarandre dagleg. Stolane er i ustabile og falleferdige, og kvar bursdag med litt tyngre familiemedlemmar er eit risikoprosjekt Bordplata er ikkje av ekte tre, så den er umulig å pusse. Derfor er det konsekvent duk på bordet.
Så me er på utkikk etter noko nytt, men det er ikkje så enkelt, for alt er jo eik! Er eik særleg egna til møbler, eller er det ein motesak? Eg vil ha bjørk. Det nyaste me har av møbler her, er bokhylleseksjon i bjørklaminat og eg vil gjerne ha i same fargetone.
IKEA har noko, men eg finner ikkje vitrineskap i same serie. Andre alternativ i bjørk eller lønn eller liknande?
__________________
Bergensis
|