Grøn mattråd - kva brukar du?
Korleis står det til med grønsakene/bønnene/linsene i norske heimar da? Inspirert av paprikatråden lagar eg ein ny og litt større greie. Har du nokre supre tips til bruk av desse matvarene, så kom gjerne med det, men ikkje avhandlingar med oppskrifter please 
I vårt hus brukar vi:
Løk - ja, så godt som kvar dag. Steikt, kokt ovnsbakt.
Kvitløk - ja, så godt som kvar dag. Steikt, kokt og ovnsbakt
Agurk - ja, ein av få grøne ting som minsten et.
Tomater - kvar dag til snacks. Snuppa elskar det og vi et 4-5 boksar cherrytomat i veka. Dessutan, som boksemat i gryter
Squash - ja! Steikt i ovn med tomat, matfløyte og ost f.eks. God til fisk
Aubergine - svært sjeldan.
Paprika - nokså sjeldan, men til kvitost på skive.
Fennikel - det hender. Ovnsteikt, og til fiskerettar
Gulrot - jada, steikt i wok eller i ovn. Som snacks
Potet - eit par gonger i veka. Snuppa sitt blodsukker tåler det dårlig.
Persillerot - det hender, ovnsteikt
Sellerirot - ja, absolutt, ovnsteikt til kjøtt, i gryter med kjøtt og supper.
Selleristang - ja, sjå over.
Søtpotet - det hender ja, ovnsteikt.
Blomkål, Brokkoli - sjeldan
Kålrot - det er svært sjeldan det, berre til tradisjonsmat.
Bønner - berre dei frå boksar. Kidneybønner, kvite bønner, butterbeans. Gode i gryter.
Erter - Ikkje så ofte, men det hender. Kikerter helst.
Linser - Ikkje så ofte som vi burde. Det hender likevel. Raude er fine å jevne suppe med. Grøne er for "grøne" for ungane i smak.
Salat - ja, nokså ofte. Gjerne berre som grøne blad som tilbehør.
Jordskokk - sjeldan. Har prøvd eitpar gonger, men får ikkje godt resultat
Vi er dårlig på pepperot, neper, rødbeter og reddikar. Og så finst der kanskje andre grønsaker eg har gløymt?
Sist redigert av Syrin : 05-03-10 kl 11:35.
|