Etisk mat
Har du eit forhold til maten du kjøper, ut over at den skal smake godt? Vi bruker ein relativt stor andel av lønna vår på mat - og er i så måte forbrukarar med ganske stor makt. Valga vi gjer vil (forhåpentligvis) påvirke bransjen. Betyr dette noko for deg? Og påverker det valga dine i butikken?
Kva tenker du om:
Økologisk mat
Dyrevelferd (kylling, egg, svin for den del)
Kortreist mat / mat som tar vare på kulturlandskapet / distriktsvenleg mat
Genmodifisert mat (her veit eg altfor lite)
Mat der produksjonen fører til utnyttelse av andre artar (oppdrettslaks f.eks)
Mat produsert i fattigare land, med utnyttelse av arbeidskrafta
Mat frå fjerne himmelstrøk, som ikkje er miljøvennlig å frakte til Norge
Matvarer som fører til overutnytting eller skogfjerning (palmeolje er vel den store syndaren)
Matvarer som per definisjon nesten ikkje er mat: MUK (kyllingpølser, kyllingboller, kyllingkjøttdeig etc)
Eg har eit forhold til ein del av dette over, men ikkje nødvendigvis alt. Eg vil gjerne høyre om det er andre som har tankar om dette. Er det mat ein aldri kjøper på grunn av det som står over? Og finst der meir som eg ikkje har tenkt på?
Vil du lese meir om dette, så er denne sida ein fin start.
Sist redigert av Syrin : 07-04-10 kl 15:00.
|