Små venner med eller utan bilstol
Rett som det er har me med små venner av storesøster i bil. Mange av desse er nok i grenseland for bilstol, enten på høgden eller på vekta. Men her i distriktet er det ukultur på å ha ufullstendig bilsikring. Dette er ikkje noko særskild for denne aldersgruppa, men no er det altså desse i grenseland som gir oss litt hodebry.
Kvar sjåfør er jo ansvarleg for at barna er sikra i bil, derfor har me no ein ekstra bilstol som står fast i bagasjerommet. Men fleire av dei små venene vegrar seg. Dei sitter ikkje lenger i bilstol i familiens bil. Eg har hittil trumfa gjennom at dei i vår bil sitter i bilstol, men eg byrjar å bli usikker. Fleire av desse barna kan nok etterkvart nå grensene for bilstol, altså 140 cm eller 36 kg (stemmer det?).
Vår jente er lita og spinkel, så det er ingen diskusjon om henne.
Kva gjer du?
Skal ein stole på at foreldrene har rett, og at dei ikkje lenger treng sikring? I så fall er det eg som får smekk dersom dette ikkje stemmer og eg blir stoppa i kontroll. Skal eg måle eller vege barnet?
__________________
Bergensis
|