Ull-singlet til barn - kor kjøpe?
Eg har ein ull-singlet til Poden i størrelse 2 år. Han er nå 5 På tide å skaffe noko større. Eg syns singleten er heilt genial til haust og vår. Om vinteren brukar dei ullundertøy heile tida, men når det berre er kalde morgonar, eller kaldt i skyggen, syns eg singlet er supert.
Den eg har er frå Nøsterbarn, og eg ser eg kan handle der igjen. Kunne vore greit å sjekke prisar andre stader også. Søkte på Ullrik, men der er det stengt på grunn av vareopptelling. Ullbarn hadde ikkje singlet. Andre linkar til ulltøy? Andre med erfaringar med singlet? Nøstebarn sin har holdt bra syns eg, men den er fullstendig utvaska etter 3 års bruk (og vask i maskin.. jepp).
|