Gå tilbake   Foreldreportalen > Blogger > Adventskalenderbloggen

Før julen ringes inn - 22



Hver morgen fra og med 1. til og med 24. desember blogges en luke i kalenderen, og her kan man finne noe hyggelig eller morsomt eller nyttig eller fint eller gøy; bilder, vers, aktiviteter, oppskrifter, sjokolade ... Det er bare lukeutøvernes fantasi som setter grensene.
Rangér dette innlegget

Før julen ringes inn - 22

Postet 22-12-17 kl 08:00 av Kalenderpiken

FORELDREPORTALENS FANTASTISKE FØRJULSTRADISJON
- 10. årgang -

22

[1 Høst] [2 Palmen] [3 Tink] [4 Heilo] [5 Candy Darling] [6 Pøblis]
[7 Harriet Vane] [8 Maverick] [9 Pappalille] [10 Skilpadda] [11 Koma] [12 Nessie]
[13 Ru] [14 Inagh] [15 Kalenderpiken stepper inn] [16 Che] [17 Tallulah] [18 Matilda]
[19 Toffskij] [20 Svanen] [21 Kanina] 22 Tangerine [23 Albertine] [24 Tåtti]

Da er det den 22. Desember, og julekvelden kommer snart på kjerringa selv om hun kjøpte en julegave i september og trodde hun hadde kontroll. Heldigvis har jeg en fjortenåring som liker å bake (hun har bakt ALL julebaksten i år), en mann som liker å ta fram julerælet vårt og spre det uelegant utover, og så meg som liker å ha kontroll over innkjøp og oppgaver (ikke be meg om å definere kontroll). Elleveåringen sitt bidrag er å ikke rote så mye, og ellers være en meget omgjengelig og hyggelig kar. Og jeg vet det blir jul i år også. Nemlig!

----------------------

Vi starter med min tegneseriefavoritt, Tegnehanne:

https://www.aftenposten.no/meninger/...ld--Tegnehanne

Ta til dere det budskapet dere føler dere får utav denne stripen.

-------------------------

Så har jeg lyst til å dele en kommentar jeg leste i lokalavisen her en dag. Håper du også finner igjen det du har lyst å finne av det som har vært … Som forfatteren skriver er det både godt og vondt å finne igjen. Jeg merker dette mye i julen, og at jeg ikke har lyst til å miste det jeg har mistet.


Miste og finne

Det var desember.

Eg sto i ei stove eg har kjent heile livet, ei stove som var pynta til jul. På sofaryggen sat to slitte nissar, i vindauga hang porselensenglane. Juletreet var pynta med nokre temmelig stygge korger som eg hadde vore med å flette ein gong i tida, og på toppen av skjenken sto ei gammal plastkyrkje. For mange år sidan, før den vart øydelagt, hadde det gått an å trekke opp visaren i klokketårnet, slik at kyrkja spelte julemusikk. Ikkje no lenger.

Eg studerte tinga i rommet slik ein plar gjere med ting som ein kjenner godt, ting som ein trur at alltid kjem til å vere der – altså ikkje i det heile teke.

Det var desember. Eg visste det ikkje då, men dette var aller siste gongen eg skulle få sjå denne stova slik. Utanfor vindauga fall snøen. Inne i rommet var det nesten heilt stilt. Alle dei som hadde kalla dette huset for heimen sin var flytta ut. Borna for lengst. Den eine forelderen ganske nyleg. Snart skulle den siste som var igjen i huset også forsvinne ut.

Det small i ei dør.

Eg høyrde lyden av raske føter på veg gjennom kjøkenet, før sonen min kom til syne i døropninga. For han var ikkje julepynten i stova gammalt nytt. Han starta augeblikkeleg ei grundig utforsking av alle englane og nissane, medan han stilte meg massevis av spørsmål med altfor høg utestemme.

- Forsiktig! sa eg. – Du treng ikkje om å ta på alt! Kan du ikkje berre sjå?

Det kunne han ikkje.

Etter eit stund ga eg opp, og vart ståande å sjå ut på snøen, medan sonen min styra seg. Snøfillene fall så tett no at dei nesten viska ut utsikta. Husa i nabolaget. Fjorden. Dei nakne fjella.

Det var då det skjedde. Fyrst lydde nokre spinkle tonar. Så sonen min som ropte oi. Eg snudde meg, og såg han stå borte ved kyrkja, med eit skuldbevisst ansikt, avventande til min reaksjon.

- Gjer det igjen! sa eg.

Ansiktet hans vart eit einaste stort glis medan han snurra på visaren i klokketårnet, heilt til den ikkje gjekk lenger. Då slapp han, og musikken byrja. Sakte, slentrande, samla tonane seg saman til spinkel og metallisk versjon av glade jul. Ein versjon eg ikkje hadde høyrt på tjue år.

For meg var det som om sonen min hadde skrudd sjølve tida tilbake.

Med eitt var eg tilbake i ei anna stove, ei som eg hadde gløymt. I denne stova tårna juletreet høgt over hovudet mitt, og det skein. Englane i vindauget flaug verkeleg mot den djupblå vinterhimmelen, og nissane i sofaen blunka til meg. Frå loftet kom dundringa frå leiken eg snart skulle vende tilbake til. Taket rista, lysekrona klirra. Eg stirra inn i dei glødande kyrkjevindauga, som om det fanst noko magisk der inne. Frå kjøkenet kom lukta av kakaoen som ei eg var glad i sto og laga til oss. Og eg visste at den snart var ferdig. Snart skulle vi sitje saman og drikke og kose oss, som vanleg.

*

Å miste er ein kunst ein må lære seg å meistre.

Eg har øvd lenge. Då eg var yngre mista eg alt mogleg, heile tida. Klinkekuler og tannlegeringar og legoklossar forsvann, ein etter ein, inn i barndommen sine uoversiktlege rotekrokar, og dei kom aldri tilbake. Rundt om i landet veit eg at det ligg igjen bibliotekskort og øyreproppar, jakker og nøkkelringar, til og med ei dagbok, som eg aldri kjem til å finne igjen.

Så byrja eg å miste viktigare ting.

Eg mista vennskap, og eg mista kjærastar. Eg mista hus eg hadde leika i sidan eg vart fødd. Landemerke i min eigen indre geografi som forsvann, og etterlet seg ei meir uoversiktleg verd. Eg mista barndomsdalen min. Ja, ei heil øy har eg mista. Men eg har også funne nye dalar, nye vennskap, nye hus å bygge heim i. Kunsten å miste er ikkje vond å meistre.

Men samtidig som alle desse andre tapa fann stad miste eg også noko som ikkje var like lett å få auge på som klinkekuler og kjærastar. Meg sjølv.

Eg mista den vesle jenta eg var, eg mista meg sjølv som ungdom, som ung vaksen. Den kvinna eg var i fjor eller i går er eg ikkje lenger i dag. Når eg finn igjen brev eller dagbøker frå då eg var yngre, så kjennest det ut som om orda er skrivne av ein person eg ikkje kjenner så godt lenger. Måten eg tenkte på, korleis verda såg ut, korleis eg kjende meg, alt dette er tapt for meg, eller i alle fall godt gøymt under samansuriet av nye tankar, nye kjensler.

Men ein sjeldan gong finn eg att det som har vore.

Det var det som hende den desemberdagen i den gamle stova, då eg til sonen min si store forundring gret mine modige tårer over tonane frå ei gammal kyrkje. Å finne igjen er både godt og vondt. Eit kort blaff av varme, som forsvinn like fort som det kom.

Så sto eg igjen der i kulda, og hugsa det som hadde vore, og visste at eg aldri kunne få det tilbake.

Å miste er ein kunst ein må lære seg å meistre. Men kva går kunsten ut på? Halde fast eller gje slepp? Bere med seg tapet eller ta fatt på verda med to tomme hender? Glede seg over nye julefeiringar eller sørge over dei gamle?

Kanskje har eg ikkje valet ein gong. Nye dagar kjem og krev sin plass i meg. Nye menneske kjem og krev kjærleiken min. Eg må sjå framover, seier dei. Eg må ta tida til hjelp. Med tida gløymer ein gledene, gløymer sorgene, ein gløymer kor viktige dei var. Dei ein var glad i snik seg inn i dei mørke krokane av minnet sitt roterom, heilt til ein nesten ikkje kan sjå dei lenger. Ikkje hugse ansiktet, ikkje stemma.

Å ikkje miste det ein har mist er også ein kunst, men eg veit ikkje om det er mogleg å meistre den. Alt eg vil er å skru visaren i tårnet tilbake.


Helene Hovden Hardeide,

Kjem frå Hareid og studerer no litteraturvitenskap ved UiB.

-----------------------------

Apropos det å miste; jeg ønsker og håper at dere og deres nærmeste er sammen og kommer hjem til jul. Til det som er hjemme for dere. I forbindelse med at Maria Mena lot kreftforeningen få låne sangen sin, legger jeg til denne nydelige versjonen av «Home for Christmas» på norsk, og håper også at dere og deres familier holder seg friske i 2018. Dessverre er det ikke alt vi bestemmer over her i livet, og jeg vet at ikke alle kommer til å komme hjem verken til denne eller til neste jul. Pass på hverandre, og se hverandre hver eneste dag og hverdag!


-----------------------------

For å få opp stemningen litt, slutter jeg som vanlig av med en katt, og en litt annen vinkel på det å være sammen i julen:


God jul, samme hva!

Kommentarer totalt 13

Kommentarer

Gammel
Anda sin avatar
Tusen takk, den var fin og tankevekkende. Jeg tror litt på tryggheten i det kjente innimellom, jeg. Det er derfor vi alltid spiser det samme, i sofaen, når vi kommer opp til hytta på fjellet.
Postet 22-12-17 kl 08:35 av Anda Anda er ikke aktiv
Gammel
Magica sin avatar
Tegnehanne!

Takk for fin luke!
Postet 22-12-17 kl 09:41 av Magica Magica er ikke aktiv
Gammel
Nenne sin avatar
Takk for fin luke. Den kommentaren var så flott.
Postet 22-12-17 kl 09:46 av Nenne Nenne er ikke aktiv
Gammel
Kanina sin avatar
Tusen tusen takk! For en vakker tekst om minner!
Postet 22-12-17 kl 10:33 av Kanina Kanina er ikke aktiv
Gammel
vixen sin avatar
Tusen takk for fin luke! Veldig fin tekst.
Postet 22-12-17 kl 10:50 av vixen vixen er ikke aktiv
Gammel
nolo sin avatar
Takk for både tegnehanne og resten av den fine luken.
Postet 22-12-17 kl 11:22 av nolo nolo er ikke aktiv
Gammel
Tussa sin avatar
Tegnehanne Teksta til trygve Skaug

Og så Helene da Ho mista faren sin brått også i haust, og med det som bakteppe er dei ei nydelig tekst. Grein då eg las den i avisa.

Takk for luke og god jul, B!
Postet 22-12-17 kl 12:24 av Tussa Tussa er ikke aktiv
Gammel
Matilda sin avatar
Fin luke!
Postet 22-12-17 kl 12:39 av Matilda Matilda er ikke aktiv
Gammel
Frk_Fryd sin avatar
Veldig fin luke, med tekst som traff.
Postet 22-12-17 kl 14:04 av Frk_Fryd Frk_Fryd er ikke aktiv
Gammel
Tangerine sin avatar
Takk alle.

Ante meg at det lå litt mer bak teksten ja, Tussa. God jul til deg også, lenge sidan eg har truffe på deg no.
Postet 22-12-17 kl 17:15 av Tangerine Tangerine er ikke aktiv
Gammel
Timar sin avatar
For en nydelig luke! Teksten traff meg rett i hjertet. Hjemme hos foreldrene mine står det nettopp en sånn kirke, den står der sammen med alle de andre tingene som utgjorde min barndoms jul. Jeg skal bruke litt tid på å faktisk SE, denne jula.
Postet 22-12-17 kl 23:28 av Timar Timar er ikke aktiv
Gammel
Lorien sin avatar
Åh!
Postet 23-12-17 kl 13:48 av Lorien Lorien er ikke aktiv
Gammel
gnuri sin avatar
Postet 25-12-17 kl 18:22 av gnuri gnuri er ikke aktiv
 
Nylige blogginnlegg av Kalenderpiken

Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 03:26.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2018, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no