Gå tilbake   Foreldreportalen > Blogger > Didjeridust sin blogg om livet og kjærleik

Kakao på termos - mk II (Oppfylgjing)

...kjærleik til
  • musikk
  • litteratur
  • kunst
  • god mat og drykk
  • Moder Jord(kall det gjerne "skaparverket" - i litt vidare forstand)
  • Livet, Universet og Allting
  • min Elskede
Rangér dette innlegget

Kakao på termos - mk II (Oppfylgjing)

Postet 06-11-09 kl 17:36 av Didjeridust

Altså...

Moderne termosar har lure løysingar for opning og lukking og er uknuselege. Det har eg slege fast i førre innlegg. Men det er alltid eit visst utryggeselement i høve til eventuelle brukarfeil så eg sa til termosen sin eigar og brukar i dag tidlig før ho fekk han med seg på skulen: "Du må passa på at han er skikkeleg stengd att før du legg han attende i sekken". "Jaudå", kunne ho forsikra meg, "det plar eg alltid gjera", og eg slo meg til tåls med det svaret i og med at lille prinsessa er ei vetug lita ei. Anna kunne eg vel heller ikkje gjera.
Sekken me fekk med heim i dag etter skule/SFO var eit kakaokatastofeområde av tri grunnar: Termosen var ikkje skikkeleg stengd, særs lite av kakaoen som hadde vore i han tidligare på dagen var drukken opp og sekken låg flatt på ein pult i staden for å stå rett opp og ned.
Pappa Didjeridust ser for seg ei helg med omfattande vasking av ransel, penal, andre skulesaker og vottar og lue som låg i sekken. Lukkelegvis var det ikkje bøker oppi. Trøyster meg med det.

Kommentarer totalt 6

Kommentarer

Gammel
Kanina sin avatar
All sympati! :har nettopp hentet bil fra renseri pga oppkast:
Postet 06-11-09 kl 18:21 av Kanina Kanina er ikke aktiv
Gammel
Kanina sin avatar
Sånt er forresten dømt til å skje opptil flere ganger i løpet et liv som skoleelev.
Postet 06-11-09 kl 18:22 av Kanina Kanina er ikke aktiv
Gammel
Schnuppa sin avatar
Uffda, det var en trist start på kakaosesongen.
Du får trøste deg med at nå kan det kun bli bedre.
Postet 06-11-09 kl 19:02 av Schnuppa Schnuppa er ikke aktiv
Gammel
Inagh sin avatar
Au au... Er vel ingen trøst i å si at du får bare venne deg til det.
Postet 06-11-09 kl 19:19 av Inagh Inagh er ikke aktiv
Gammel
Hjertensfryd sin avatar
Oppsann.
Håper du klarer å få det vekk og at det ikkje setter seg lukt.
Postet 06-11-09 kl 19:25 av Hjertensfryd Hjertensfryd er aktiv nå
Gammel
Hehe, modernisering hindrer ikke alle ulykker. :fnise:
Postet 07-11-09 den 10:34 av
 

Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 11:12.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2022, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no