Sv: Beholdt du vekta etter å ha slanket deg??
Eg gjekk ned frå 65 kg til 55 kg i byrjinga av sommaren, og har halde meg der sidan. Dette har eg gjort ved å endre haldninga mi til porsjonar, i staden for å nekte meg sjølv kos. No et eg meg mett, før åt eg meg stappmett. No kan eg ete ei handfull eller to med peanøtter, før åt eg ein pose. Det eg opplever som det viktigaste er å ikkje kutte ut verken karbohydratar eller feitt, men å kutte på porsjonane. Min kropp treng alle næringsstoffa, og kuttar eg ut anten feitt eller karbohydratar vert eg slapp og godtesjuk.
Før hadde eg ein tendes til å tenke at "i morgon startar eg eit nytt og sunnare liv", og brukte det som unnskylning til å tømme i meg ein heil pose chips i staden for å kose meg med ei lita skål.
Eg vil sjølv seie at eg er i tynnaste laget no (burde nok ha vore ca 58-59- kg), men trivst mykje betre med det kosthaldet eg har, så då får vekt vere vekt.
|