Sv: CERNs eksperiment kan føre til jordens undergang
Opprinnelig lagt inn av annemede, her.
Kva med dette då? At microsoft kan logga alt du skriv inn på PC-en din? Det uroar meg meir enn at jorda skal bli sugd opp i eit svart hull som blir generert i ein akselerator som er uhyre liten sammanlikna med jorda.
Sjølvsagt er det ting eg uroar meg meir for enn at jorda skal bli slukt av eit svart hol om 50 månader. Eg er, som eg tidlegare har sagt, stor tilhengar av eksperimentet og ventar spent på kva dei finn ut.
Eg berre understrekar at eg forstår at somme vert redde av den tabloide framstillinga. Eg brukte morgonen i går på å finne kjelder som kunne berolige vettskremte 16-åringar som var sikre på at jorda vart spaghetti i oktober 2012.
|