Sv: "Litt o-fag hadde hjulpet meg nå"
GOD BALLAST
Ein mann smyg seg inn
og veit han er sein,
klort opp på ryggen
og langsmed eit bein.
Kona vert galen,
krev eit svar straks,
han seier det var ein
kjempestor dachs.
Kona lyfter høgt
ein sko.
Litt o-fag
hadde hjelpt han no.
Ein politikar ute
på valgfleskturne
på torget i Svolvær
frå elleve til tre.
Han justerer på orda
slik at dei passar,
spør kameratsleg
og peikar på kassar.
Sei meg du fiskar,
er gjedda di god?
Litt o-fag
hadde hjelpt han no.
Den finaste dama
på heile gymnaset
blir med på rommet,
eg er i ekstase.
Eg skjelv som lauv,
men er klar som ein fole.
Eg vil gjerne ha alt,
alt ho kan tole.
I sofaen famlar me,
eg og ho.
Litt o-fag
hadde hjelpt meg no.
__________________
Jeg har gitt ordre om å vekkes når som helst dersom nasjonens sikkerhet er truet, selv om jeg sitter i et møte.
- Ronald Reagan -
|