Vis enkelt innlegg
Gammel 20-11-08, 21:12   #2
Hjertensfryd
Unik
 
Hjertensfryd sin avatar
 
Medlem siden: Dec 2006
Hvor: Casa Del Troll
Innlegg: 9.317
Blogginnlegg: 98
Hjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de flesteHjertensfryd er kulere enn de fleste
Standard

Sv: Ønsker oppskift på brød

Henta denne frå bloggen min. Som eg har skreve så kutter du berre ut frø og slikt. Minner litt om trekornbrød seier Dinochef.


Etter masse prøving og testing her i heimen, har me endelig funne eit brød, som tilsynelatande er godkjent av alle.

Eg bruker kjøkkenmaskina til å elte denne deigen. Går nok fint uten og, men det blir litt meir jobbing med ein gong.

Oppskrifta:

1 kg grovbakst

ca 5 dl kveitemjøl

3 dl havregryn

Litt sesamfrø. Eg hiver vel ca ein neve oppi. Kan droppast dersom ein ikkje vil ha det i eller ikkje har i hus.

Litt linfrø. Samme som med sesamfrø.

2 pk tørrgjær

Litt olje. Eg heller berre oppi noko. Kan tippe på 1-2 ss

Ca 1 liter vatn.

2 finrevne gulerøtter. Desse kan droppast dersom ein ikkje ønskjer det i, eller ikkje har i hus.

Ha alt det tørre oppi ein bolle og bland. Så har eg oppi olje og gulerøtter. Tilslutt vatn. Vatnet heller eg oppi litt etter litt. Viss ein har gulerøtter oppi trenger ein mindre væske. Trur eg hadde 0,8 l i dagens deig, med to store finrevne gulerøtter. Uten hadde eg 1 liter. Deigen skal vera fast, men kan vera litt klissete. Det gjer ikkje noko.

Lar det heve ein times tid. ( eller til eg husker på at eg har ein deig til heving )

Elter deigen på nytt og lager to brød som eg har oppi smurte brødformer. Lar desse stå å heve i ca 1 time.

Steiker dei i 1 time på 175 grader på nederste rille. Men vær obs. Temperatur og steiketid kan variere frå ovn til ovn.

Kan godt steike dei i 45 minutter først, ta dei ut av formene og dunke litt i bunnen på dei. Det skal vera ein litt hul lyd. Steik dei så vidare uten formene

__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
Hjertensfryd er ikke aktiv   Svar med sitat