Sv: Blir våre barn uselvstendige og tafatte individer?
Her går storebror til skola stort sett kvar dag. Heim går han kvar dag. Det har han gjort fra etter jul i 1.klasse. Det er litt over 1 km til skola. Dei får lov å leike rundt i nabolaget. Me er ingen høneforeldre, men strenge på enkelte ting når det gjeldt sikkertheit. Me merkar at storebror har blitt mykje tryggare på seg sjølv no som han har fått meir ansvar. Dei lærer utruleg. Han gjer leksene sjølv og, spør om hjelp hvis han treng og me sjekkar når han er ferdig. Dei to største pakkar sekk til skole og barnehage sjølv, me ser over på kvelden.
Mannen er fantastisk til å lære ungane alt fra minste detalj, han er ekstremt tålmodig. Eg er ikkje fullt så tålmodig men me har ofte god tid så ungane kan prøve og feile som dei vil.
__________________
Strong is the new skinny
|