Vis enkelt innlegg
Gammel 14-05-09, 12:54   #16
Olvina
Gjer så godt eg kan
 
Olvina sin avatar
 
Medlem siden: Oct 2006
Innlegg: 2.653
Blogginnlegg: 179
Olvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt liktOlvina er virkelig godt likt
Standard

Sv: Et havarert blomsterbed som ingen er glad i

Åh, eg trur eg har dei same blåklokkeliknande greiene som du har. Dei er ganske så iherdige, ja. Eg har m.a. ei schvææær tue som kjem rett ut av ein mur. Den passar fint der altså, men eg har ikkje funne noko den kan leve av der endå, så konklusjonen må vere at denne overlever det meste.

"Vi" (sjå mitt første innlegg) tok igjen eit bed for eit par år sidan, som var fullt av bjørketre, grantre, gras, lupiner (uansett kva du gjer, ligg unna lupiner!) og i det store og heile (stort bed, ja). Busker vi skulle beholde, klipte vi ned til litt meir passe storleik, stauder som skulle vekk, fjerna vi så godt det lot seg gjere, tre og røtter vart fjerna etter beste evne og så planta "vi" nye busker og stauder der vi hadde tenkt det. Deretter la vi duk så tett inntil busker og stauder som vi klarte, og heiv på masse prydbark (bruk event. vanleg dekkbark, kakaoflis, eller singel) på toppen.

Etter denne sjauen er det einaste vi har trengt å gjere, å etterfylle prydbark (legg du på singel slepp du sannsynlegvis å etterfylle, det har eg i eit anna bed og der treng eg berre etterfylle det som steinelskande minste plukkar med seg...) og plukke vekk eitt og anna som dukkar opp der vi ikkje har duk (les: der buskene og staudene står). Til og med lupinene har glimra med sitt fråvær etterpå, så vi kjem til å gjere same jobben i resten av blomsterbeda våre, sjølv om eg nok må gjere jobben sjølv denne gongen.

Olvina er ikke aktiv   Svar med sitat