Sv: Jeg har barn som våkner alt for tidlig klubb!
Jada, me er på vårt sjuande år, og jammen ser det ut til at Lillebror er av same sort. Like greit, egentlig, for eitt a-barn og eitt b-barn ville vore ultimat kjip kombinasjon.
Me måtte kjøpe sånn dag/natt-klokke til storesøster, for ho er i bunn og grunn klar for å stå opp når som helst ila. natta. Dersom Lillebror vaknar og me listar oss inn for ikkje å vekke Storesøster, så ropar ho iltert frå senga si: DET ER URETTFERDIG AT HAN FÅR LOV TIL Å STÅ OPP!!!
Det bånnaste med sånne morgonfuglar er at dagen blir veldig lang. Det er jo fire timar til butikkane opnar feks. Og om nokon trur eg leverar tidleg i barnehagen (ca 8), så er det pga. at me har vore oppe sidan 6 og Lillebror er klar for action. I dag har me vore vakne sidan 6, og dei klora på døra klokka 0730 -me vil UUUUUT!! Kan ikkje ut klokka halv åtte vel? Naboar som har vore på fest eller jobbar skift eller berre er folk med normal døgnrytme...
__________________
Bergensis
|