Sv: Trygdemisbruk
Opprinnelig lagt inn av Skvetten, her.
Men er det da akseptabelt. Selv mener jeg helt klart at det ikke er det av den nette grunn at det faktisk er svindel.
Nei det er ikkje akseptabelt, men heller ikkje like ille som dei som bevisst later som dei flyttar frå kvarandre for å utløyse diverse stønader. For den typen eksisterer også.
Når det gjeld svart dagmamma er det så vanlig at folk flest ikkje reagerer på det lengre. Det er liksom akseptert. Eg syns ikkje det er god nok unnskyldning at det ikkje er full barnehagedekning. Det finns jo dagmammaer der ute som er villige til å betale skatt? Eg hadde i alle fall ikkje problem med å finne det då eg leita etter dagmamma til mi eldste i 2005. Dei har jo fordelar med det også. Rett til sjukepengar og dagpengar f.eks. Pensjonspoeng osv.
I jakta på dagmamma traff eg jo sjølvsagt også mange som ville ha svart betaling, men dei var rett og slett ikkje aktuelle for meg. I alle fall ikkje før eg hadde anstrengt meg veldig for å finne ei som var villig til å gjere det på den lovlige måten.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|