Sv: Vet du hva du skal gjøre om det begynner å brenne i tunnelen?
For berre 1-2 veker sidan vart det brann i ein bil etter ein kollisjon i ein undervannstunnel på Sunnmøre. Dei første som kom til snudde bilane og køyde tilbake og varsla alle på vegen om å snu (etter at dei hadde sett at dei ingenting kunne gjere for dei i bilen som brann). Dei fekk skryt for dette. Ei som kom den andre vegen satte fra seg bilen og prøvde å kome seg ut til fots, og det var iallefall ikkje lurt sto det i avisa (ho vart plukka opp av andre da, så det gjekk fint), men ho gjekk rett nok i den retninga røyken for, og det er ikkje så smart, sjølv om det var mange kilometer kortare veg.
__________________
03, 06, 09
|