For meg er livskvalitet først og fremst knytta til å bruke tid på dei tinga som er viktige for meg. Eg elskar dei øyeblikka der eg tek meg sjølv i å tenke "oi, så lykkeleg eg er". Som regel kjem dei i ein setting der eg er avslappa, og kosar meg saman med lille A, mann, vennar og familie. Eit glas god rødvin er heller ikkje å forrakte.
Kaos og mangel på kontroll er derimot faktorar som gjer at eg kjenner meg hjelpelaus og liten. I perioder som er prega av det er det ofte veldig lengt mellom kvart lykkeleg-øyeblikk.
|