Sv: Vet ikke helt hva jeg mener (ang. skoleruten)
Voldsomt så mykje pepper Olfiga fekk da. Eg trur ikkje ho meinte at lærarane sat og drakk kaffe; det var dei på SFO. Eg prøver å tenke at sidan eg ikkje ønsker å jobbe som lærar (tøff jobb, kontinuerleg vurdering, travle undervisingstimar, knappe ressursar etc) bør eg ikkje vere så negativ. Men likevel tenker eg ofte at "dei veit ikkje kor godt dei har det" når det er snakk om lærar og ferie. Nokre av lærarane eg kjenner bruker fyrste veka av sommarferien til å kome i feriemodus og siste veka til å bli klar til jobb igjen. Og når det er to veker igjen; Å neeei, snart er ferien over. Tenk om eg kunne hatt muligheit til det liksom. Og det at lærarar har ferie kvar jul og påske må også takast med, så det er vel ikkje berre 4 v+1 dag?
Skikkelig negativ her, sorry. Det er vel misunnelse.
|