Elles så kan du faktisk bruke den estetiske sansen din når du lagar mat. Ein wok med ulike grønnsaker i ulike fargar, litt ris eller nudlar o.l. kan faktisk vere ein esetisk nytelse i tillegg til det reint smaksmessige.
Sjølv elskar eg å lage skikkelig omfattande middagar t.d. på fredagskveldane. Gjerne med eit glas vin på kjøkkenbenken og god musikk på stereoen medan eg jobbar. Eit tips er også å lage mat medan andre har ansvaret for ungane ( i alle fall i staren). Sjølv for oss som elskar å lage mat er det ikkje så kjekt å lage mat medan ein har ein skrikande toåring som heng i buksa :erfaring:
|