Vis enkelt innlegg
Gammel 08-03-10, 11:51   #3
Simone
Bør lage seg en tittel selv
 
Medlem siden: Sep 2007
Innlegg: 2.831
Simone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelenSimone er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Snømengde på tak

Vi (eller dvs mannen ) måkte taket no i helga. Så no har vi eit fjell av snø utanfor huset. Han tok det heldigvis før det begynte å regne. No ville det nok vore endå tyngre å få det gjort. Var vel ca 40 cm med snø oppå der. Vi har ca ein meter med snø på bakken så resten har nok blåst vekk av seg sjølv.

Eg er meir bekymra for barnehagen. Der er det bortimot ein meter. Taket er altfor lite skrått til at det rasar ned av seg sjølv. Dessutan er det lite vind der, så det har berre akkumulert seg sidan det begynte å snø i desember. Det har vore folk frå kommunen der på inspeksjon, men ingenting blei gjort. Mannen foreslo at FAU kunne kalle inn til dugnad ,men det gjekk visst ikkje pga forsikringar og slikt. Dersom ein av foreldra skulle dette ned og skade seg har ikkje barnehagen forsikring som dekkar dette. Dei dekkar berre dei ansatte i barnehagen.
Det er fleire tak som har rast sammen på Vestlandet i helga, så eg er litt skeptisk.

__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
Simone er ikke aktiv   Svar med sitat