Sv: Full omlegging av kostholdet i Zeppelin-familien?
Eg og skjønner frustrasjonen og tankegongen din. Min eldste er lik din eldste. Tåler ikkje melk og egg. Framleis dårlig i magen. Men negativ cøliaki prøve. ( og heller ikkje utslag på egg og melk lengre, men me kan ikkje setta han på det igjen for blir han himla dårlig )
I tillegg tåler ikkje dei to andre melk og minste skal heller ikkje ha egg. Me mistenker at det er noko anna og, men får ikkje tak på det.
Sjølv tåler eg ikkje tilsetningsstoffer, så me har av og til nokre utfordringar 
Løysinga her er at me lager all mat sjølv. Ein finner ikkje heil eller halvfabrikat mat i huset vårt.
Og ein venner seg til det. Og finner igrunn fort ut at det tar ikkje så lang tid å laga maten frå bunnen av, som Toro vil du skal tru.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|