Kva kryp er dette (orm - ikkje klikk om du avskyr)
Eg kom over tre kjekke karar i skogen i går. Eg drog ein presenning av eit berg, og under der var det liv! Dei var ca. 20 cm. lange vil eg tru. Først trudde eg det var sleve (stålorm), med dei er da mørke og metalliske? (og ikkje ormar forresten - dei er firfirsler). Og ikkje lignar dei på hoggorm heller. Er det hoggorm-ungar Eg har aldri sett hoggorm-ungar. Desse var grå-kvite, nesten litt rosa?
Håpar ingen får panikk over desse bilda. Sjølv syns eg ikkje dei er ekle, og eg blir ikkje redd, men passar meg sjølvsagt. Direkte vakre er det vel heller ikkje 
|