Sv: Nødvendig med smelldyr alarm på hus?
Mannen er litt gniten og samtidig opptatt av sikkerhet, så han har gått for ei anna løysing enn vaktselskap.
Vi har seriekobla røykvarslarar, IR-sensor(for bevegelse) og kamera med IR-sensor som er kobla opp mot mobiltelefonane våre og mot internett.
Så viss det er innbrudd eller brann ringer mobiltelefonen min og ei damestemme seier enten "Emergency! Fire!" eller "Emergency! Burglar!" 
Dersom eg er langt heimanifrå kan eg så gå inn på ei internettside( f.eks på min fancy nye HTC legend) og logge meg på med passord, og så kan eg sjå på live-bilder frå kameraovervåkninga. Dersom eg ser noko brann eller tegn til innbrudd kan eg ringe brannvesen/politi.
Trur ikkje vi har brukt meir enn 3000 kr totalt på dette. Og det er ein eingangssum i motsetning til det ein må betale hos eit vaktselskap.
Foreløbig har vi ikkje hatt brann/innbrudd, så eg veit ikkje kor godt det virkar. Men systemet virkar i alle fall som det skal, for mobilen min ringer gjerne 1 minutt etter at eg har komt heim om dagen sidan eg alltid gløymer å skru av alarmen. Har ikkje heilt blitt vant til å ha alarm.
Og for ordens skyld: Kameraet står IKKJE på når vi er heime. Det blir kun starta dersom alarmen er kobla inn og bevegelse slår ut på IR-sensoren.
Foreløbig vil det i praksis seie at eg blir filma i 1-2 minutt kvar einaste dag når eg kjem heim frå jobb sidan eg ikkje klarar å hugse å skru av alarmen 
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|