Sv: Bilder av døde barn
Dette blir ei av dei problemstillingane som det er heilt umogleg å gje eit svart-kvitt-svar på. Sjølv trur eg ikkje at eg hadde reagert på om ein kollega hadde eit slikt bilete på kontorplassen sin. Ein kan ikkje sensurere verkelegheita så til dei grader at det både skal vere forbudt å vise (smakfulle) bilete av borna sine.
For foreldre er det viktig å behalde rolla si som foreldre, også som foreldre til barn som ikkje lenger er i live. Difor kan dette med å vise fram bilete av døde born vere den einaste moglegheita til å få vise fram sitt barn, og det synes eg det er viktig å respektere.
Samtidig er det også vktig at foreldre til døde born, både for andre sin del og for eigen del, evnar å skilje mellom å vise fram barnet sitt - og det å brette ut ei personleg tragedie (som det å miste eit barn er).
|