Sv: Bør barn kunne tas ut av skolen utenom skoleferiene?
Vi har fleire gongar teke ut barneskuleelev frå skulen i opptil to veker i november-desember med formål ferie til varmare strøk. Dei dagane i sola gjer underverker for helsa for dei to i familien som slit med eksem og hudproblemer, og er forskjellen på ein god eller ein forferdeleg vinter. Vi har varsla læraren om dette umiddelbart etter skulestart om hausten, og fått tildelt ekstralekser som er blitt gjort utover hausten, slik at når vi reiser er eleven a'jour i forhold til skulearbeidet. Eleven har også blitt veldig flink og interessert i språk, mykje på grunn av desse reisene.
Eg ser absolutt problema med dette dersom eleven er skulesvak og treng den undervisninga vedkomande kan få. Men i og med at det kan vere mange ulike årsaker til ekstra fridagar frå skulen og om eleven taklar dette greitt i forhold til skulearbeid eller ei, så blir det feil å lage firkanta lover og reglar på dette. Det må vere betre at foreldre og lærar/rektor prøvar å ha ein dialog for å finne løysingar som ivaretek begge partar sine ynskjer.
|