Sv: Natt-tøy
I min verden ville det vere upraktisk å sove naken eller i truse - er stadig noko ein har gløymt etter ein har lagt seg. Skal berre sjekke ditt og datt. Da må i alle fall eg kle på meg, for det er innsyn - i alle fall om eg set lys på. Og så skal eg kanskje på do om natta - må ha kle på på grunn av innsyn (sjølv om resten av verda sikkert ligg og søv da). Og så hender det at det er eit eller anna med ein unge eller to. Oftare når dei var enda mindre. Mange netter var ei vandring mellom eiga seng, gjestesenga og barnesenga. Endte ofte opp med at ungane sov i foreldresenga, eg sov i ei barneseng og mannen på sofaen Litt lita dyne da - godt å ha kle på. Og nei, kunne ikkje hente eiga dyne, for då ville eg jo vekke småtten som nettopp hadde sovna.
Eg har kle på, og er dermed alltid beredt. Eg kan forøvrig forstå argumentet om renslighet. Eg skiftar truse og pyamas oftare enn eg skiftar sengetøy. Men eg skal gå med på at ei truse er meir i nærkontakt med kroppen enn sengetøy altså. Likevel.
|