Sv: Lusesjekk på skolen
Her blir ikkje skulebarn sjekka av korkje lærar eller helsesøster. Dessverre. Mange slurvar med å sjekke sine barn, og nokon av oss sjekkar, men har likevel greid å oversjå lus. Under den nasjonale lusekampanjen i vår, var det fleire av storesøsters veninner som ikkje var sjekka. Storesøster misjonerte viktigheten av å lusekambe, og to av veninnene ba om at eg sjekka dei ettersom foreldrene (iflg. dei) ikkje hadde tatt seg bryet.
For to år sidan var det enormt med lus, særleg i enkelte klassar. Da gjekk faktisk helsesøster inn og lusekamba systematisk alle elevane i desse klassane. Det er jo smart ettersom du da kan få alle behandla samtidig.
Eg skulle ønske det kunne vore felles lusesjekk i kvar klasse, men eg ser at det blir eit spørsmål om ressursar.
Barnehagen har lusekamb, og har lusekamba enkelte barn ved mistanke.
__________________
Bergensis
|