Sv: Velkommen til Knertens julaftenfest!
Kva opplegg har du for kjøttmeisene? Vi kan iallefall ikkje reise utan dei, då dei er meget avhengige av faste og næringsrike måltid. Viss det kan ordnast, stiller vi med to vaksne, to barn, ein katt, fleire kjøttmeiser og iallefall ei svigerinne til svigeravdelinga (her kan det verte aktuelt med fleire altså. Situasjonen er ustabil).
Elles:
-Maken har eindel krav når det gjeld pinnekjøtet, men det tek han nok opp med kokken ved ankomst.
-Eg vil ikkje vekkast før 10:30, og då med ein kopp kaffi.
-Borna vil ha NRK Super frå kl 08:00.
-Tre nøtter til askepott må på ingen måte skje i mitt nærvær, så reknar med at securitas vokter fjernkontrollen.
-Temeperaturar under 25* innandørs er uakseptabelt.
-Når det gjeld gåveønsker, sender eg over ei liste når det nærmar seg. Vi er ikkje heilt i mål der enno.
Gler oss! 
__________________
05 - 06
|