Tråd: Lussekatter
Vis enkelt innlegg
Gammel 03-12-10, 09:00   #3
Syrin
Med tommestokk i veska
 
Syrin sin avatar
 
Medlem siden: Apr 2007
Innlegg: 5.042
Syrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelenSyrin er et glitrende lys på stjernehimmelen
Standard

Sv: Lussekatter

Eg har ei oppskrift frå svigermor som i alle fall eg syns er fantastisk god. Eg har berre ein advarsel - her det det brukt godt med ekte safran. Rett og slett fordi min svigerfamilie fekk smaken på krydder og safran etter nokre år i utlandighet. Lussekattar skal, etter mi oppfatning, lagast med skikkelig safran, og mykje safran. Det skal rett og slett smake safran av bollene. Gurkemeie my ass Dei er sjølvsagt aller best varme, med mykje smør og gjerne kvitost. Sjølv lagar eg desse glutenfrie, brukar glutenfritt mjøl i staden for vanleg mjøl.

LUSSEKATTAR
100 gr. gjær
5 dl. melk
200 gr. smør
1 ts. salt
2 dl. sukker
1 egg (pluss eit til til å pensle med).
1-2 gr. safran (her tar eg eitpar-tre-fire-fem klyper)
15-18 dl. kveitemjøl, eller glutenfritt mjøl om det passar din familie betre

Støyt safranen saman med litt sukker. Smelt smøret og slå over melka. La det blir 37 grader. Ha i gjær (om den er fersk) og rør ut. Ha i salt, sukker, egg og safranblandinga. Ha deretter i mjøl (og gjær, om du brukar pulver), og arbeid deigen saman. Lenge og vel. La heve til dobbel size. Bak ut kattane. Legg på plate og la heve. Pensle med egg. Steik ved 250 grader i 7 minutt.


Sist redigert av Syrin : 03-12-10 kl 16:44.
Syrin er ikke aktiv   Svar med sitat