Sv: Aversjon mot sunn mat ...
Sliter med det same. Kostholdet har blitt verre og verre siste månadane, og no blir eg småkvalm av all familiemiddag. Barna er kresne og me er begrensa til ein rullerande meny av fiskepinnar, spagetti, fiskegrateng, pølser, fiskepudding/kaker, pannekaker, tomatsuppe. Me lagar også feks. steikt laks eller ovnsgratinert torsk når barna eter fiskepinnar i håp om å motivere dei til å utvide menyen. Poden er enkel sånn. Storesøster er eit kapittel for seg sjølv.
Me kan sjølvsagt lage to middagar, men mannen er greit fornøyd med menyen, og da er det berre meg igjen.
I mellomtida pirkar eg i middagane våre. Tvingar meg sjølv til å ete ein frukt kvar dag. Lagar smoothies av Biola og bær. Og sjølvmedisinerar med junk. Eg ser jo at det er ein ond og sjølvforskyldt sirkel som berre eg kan bryte. Men eg finner ganske enkelt ikkje motivasjonen. Eg håpar lysare, varmare og finare tider skal gi meg eit spark i rompa snart.
__________________
Bergensis
|