Sv: Hvorfor kalle vaskehjelpen for engel?
Eg er enig i at "vaskeengel" er eit ord som ikkje er uproblematisk.
Ordet "engel" brukar eg elles, både om menn og kvinner. Eg kan gjerne sei til min mannlige kollega: "tusen takk, du er ein engel", når han har hjulpe meg i ei knipe. Som takknemmelighet, og ikkje meint nedsettande. Burde eg revurdere det? Eg kan også seie "Du er ein knupp". Dette er jo folk eg kjenner svært godt - hadde ikkje sagt dette til nokon eg ikkje kjenner.
|