Sv: Lær meg å lage omelett
Når eg lagar omelett MÅ eg ha lok, i alle fall om egga ikkje skal bli for tørre. Eg mangla også lok ei god stund, men la på det eg hadde - eit litt mindre eit som nesten passa, men datt litt ned i egget på eine sida. So be it. Eg har også brukt eit steikebrett - det gjekk da det også. Det beste alternativet er vel å kjøpe seg eit lok, eller ei ny steikepanne 
Eg brukar to egg pro pers eg da. Ei skei melk per egg, litt salt. Har aldri brukt mjøl. Eg piskar det saman, eg heller det over smelta smør i panna. Varmen er på medium. Når omeletten begynner å stivne under, stikk eg litt med ein gaffel og løftar forsiktig, slik at flytande egg renn ned under omeletten. Men stort sett stivnar det heile under lok.
|