Juksepanel
Da me renoverte boligen vår brukte me i stor grad juksepanel eller smartpanel. På den tida var det eit heilt opplagt val. Det var enkelt, moderne og fint.
No skal me igang med eit prosjekt og eg lurer på om dette framleis er på mote, eller om det er andre løysningar som gjelder no. Eg lurer rett og slett på om det kan bli umoderne i nær framtid ettersom det har vore på markedet i mange år no. Det er heilt kurrant på loftsstove eller kjellarstove, men ellers i huset? No har me feks. smartpanel på alle vegger på to av soveromma. Dei er knøttsmå og fire veggar med smartpanel blir for mykje! Storesøsters rom er ok, for det er to glatte veggar og to med smartpanel.
Det var utruleg "sutaslaust" å jobbe med. Mannen vart heilfrelst, for det var så kjapt å få opp. Eg var mindre fornøyd ettersom han nekta å bruke ferdigmalt panel, for det var meir vanskelig å få fint. Det var mykje malearbeid for å få resultatet bra! Og gjett kven som fekk malejobben. Skal me gå for smartpanel ein gong til så skal det vere ferdigmalt! Tapetsering er me elendige på.
Om det er noko tvil om kva eg snakkar om:

http://www.smartpanel.no/english/vegg_color_antikk.html
__________________
Bergensis
|